Mayer Aschenaze. Foto: lokalhistoriewiki

Kongeriget Norges Grundlov paa hebraisk

I 1904 kom det ut ei uvanleg bok på den norske bokmarknaden: Kongeriget Norges Grundlov af 17de Mai 1814 med tillæg og ændringer til dags dato, udgivet og oversat paa hebraisk af M. Aschkanaze.

I denne artikkelen blir den hebraiske omsetjinga av Grunnlova lesen som uttrykk for den jødiske minoriteten sin respekt for det nye fedrelandet sitt og vilje til integrering. I sin reviderte skapnad etter endringa av § 2 kunne den norske Grunnlova også tene som inspirasjon til framhald i arbeidet for jødisk emansipasjon og for rettane til minoritetar i andre delar av verda. Eit element av personleg profilering er òg tydeleg. Aschkanaze var ein omstridd figur i det jødiske miljøet, men aspirerte til ei rolle som jødisk leiar og talsperson i det norske offentlege rommet.

Av: Anders Aschim, Høgskulen i Volda

Mayer Aschenaze. Foto: lokalhistoriewiki
Mayer Aschenaze. Foto: lokalhistoriewiki

Mayer Aschkanaze (1850–1908) var den første jødiske rabbinar i Noreg. Den lærde og språkmektige mannen kom til Kristiania i 1898 for å fungere som religiøs leiar for «Det Mosaiske Troessamfund».

Rabbinaren var kontroversiell, og det oppstod snart konfliktar mellom han og forsamlinga. Etter eit kort mellomspel i konkurrenten «Den israelitiske Menighed» skipa han i 1901 Adath Jeschurun saman med 71 andre personar. Dermed fanst det tre organiserte religiøse forsamlingar i det vesle jødiske miljøet i Kristiania.

Ifølgje «Norges offisielle statistikk» budde det 642 jødar i Noreg i året 1900.1 Rabbinar Aschkanaze representerte ein minoritet i minoriteten. Likevel har han ha teke på seg ei rolle som jødisk røyst i det offentlege rommet. Kongeriget Norges Grundlov paa hebraisk er eit tydeleg uttrykk for det. Boka blei utgitt i 1904, men frå avisomtale veit vi at omsetjinga var ferdig alt vinteren 1902.2

Den hebraiske omsetjinga av Grunnlova

Den første og herligste grundlov, der ligesom danner grundlaget for de senere værdifulde lovgivninger hos de forskjellige folk og stammer, var Mose lov, affattet og nedskrevet paa hebraisk.

Slik opnar forordet til Kongeriget Norges Grundlov paa hebraisk. Her blir den spesielle stillinga til den gamle bibelske lova og det gamle hebraiske språket understreka i blomstrande og til dels bibelske ordelag.

Forordet er ein svært interessant tekst. Det gjeld både det som står på linjene, det som står mellom linjene, og det som ikkje står der. Teksten ligg føre i tre versjonar, på hebraisk, dansk-norsk og fransk. Kva vil rabbinaren med boka? Kva for lesarkrets vender han seg til?

Integrering

Menigheten Adath Jeschurun. Foto: lokalhistoriewiki.no
Adath Jeschurun. Foto: lokalhistoriewiki.no

Somme formuleringar gjer det nærliggjande å tenkje at rabbinaren omsette med tanke på sine eigne, den vesle gruppa av nyleg innvandra norske jødar, t. d. når Tora, dei fem Mosebøkene, blir omtala som «vor uforgjængelige grundlov».

Akkurat dette kunne vere eit risikabelt resonnement. Eit vanleg argument mot å gi jødar fulle borgarrettar har nettopp vore lojaliteten deira mot ein høgare rett enn landets lover. Men forordet til Aschkanaze understrekar harmoni og kontinuitet mellom Moselova og Grunnlova, heller enn kontrast. Lesen som bodskap til norske jødar blir teksten ei stadfesting av den norske Grunnlova som ei legitim presisering av den bibelske lova og ei oppmoding om å vere gode norske borgarar.

På siste side av forordet kjem ei større målgruppe til syne. Der omtalar forfattaren «den frihedsaand, der besjælede Eidsvoldsmændene, hvorom den hele grundlov giver vidnesbyrd», og han poengterer «hvorledes det norske folk har benyttet den opnaaede frihed til at hæve borgerretten over alt, uden hensyn til person eller stilling».

Dette er nøye utvalde ord som kunne gå inn i kva 17. mai-tale som helst. Dei siktar på ei meir omfattande norsk offentlegheit. For ein slik lesarkrets kan dokumentet lesast som eit vitnemål om nye landsmenns vilje til integrering i det nye heimlandet sitt.

Og her strekkjer Aschkanaze seg langt. Det mest påfallande med forordet til grunnlovsomsetjinga er det som ikkje står der: At dei fridomselskande Eidsvollsmennene faktisk vedtok å nekte jødar adgang til riket. Den opphavlege § 2 i Grunnlova passar ikkje inn i den forteljinga om fridom og integrering som rabbinaren vil fortelje.

Samtidig står denne minoritetsrepresentanten på ingen måte med lua i handa. Han er medviten om å gi noko tilbake: «Ved grundlovens oversættelse i et af de ældgamle sprog bliver den norske konstitution s. a. s. [saa at sige] helliget og foreviget for alle og uendelige tider …».

Emansipasjon

Ein slik integrerande funksjon er i høgda implisitt. Eksplisitt oppgir forordet som intensjon «at man overalt i verden skal have anledning til at lære at kjende og skatte» fridomsånda til eidsvollsmennene. Omsetjaren har altså også eit internasjonalt publikum i tankane. Kva for eit?

Eit overraskande trekk ved rabbinar Aschkanaze er at han markerte seg ikkje berre som begeistra norsk jøde, men òg som religiøs sionist.3 Den sionistiske rørsla, med eit jødisk heimland i Palestina som mål, var sterkt omdiskutert mellom religiøse jødar, dels på grunn av dei sterke sekulære kreftene i leiinga, dels fordi ein meinte det var å gå Gud i næringa å arbeide politisk for skipinga av ein jødisk stat. No er Aschkanaze lite konkret når det gjeld politisk innhald. Det ligg helst filantropiske motiv bak resonnementet hans: Undertrykte jødar, særleg frå Aust-Europa, treng ein stad å vere. Dei emansiperte jødane i vest har sine fedreland, og der vil dei halde fram med å bu.

Skal ein tenkje seg eit internasjonalt jødisk publikum som målgruppe, er det rimelegare å tru at intensjonen var å gi inspirasjon til vidare arbeid for jødisk emansipasjon. I løpet av 1800-talet var diskriminerande lover stort sett oppheva i Vest-Europa, og det var mogleg for jødar å oppnå dei fleste statsborgarlege rettar. Likevel blei ikkje antisemittismen borte, og her låg eit viktig tildriv til den sionistiske rørsla. Sjølv om Aschkanaze på prinsipielt, religiøst og filantropisk grunnlag seier ja til sionismen, ser han framleis ut til å tru på at emansipasjonen vil føre til vellukka integrering av jødane i det norske samfunnet.

Eit ikkje-jødisk internasjonalt publikum er òg tenkjeleg som adressat. Den norske Grunnlova kunne – vel å merke etter endringa av § 2 i 1851 – tene som mønster for andre land «til at hæve borgerretten over alt, uden hensyn til person eller stilling», altså òg for minoritetane.

Det er interessant at den «fødde tyskar» Aschkanaze har forsynt omsetjinga si med eit forord på fransk, ikkje på tysk. I den sionistiske rørsla dominerte tysk som kommunikasjonsspråk, men fransk var framleis diplomatspråket, det internasjonale språket par excellence. Kanskje kan ein tolke bruken av fransk som ei medviten tilknyting til den franske, statsborgarleg orienterte, forma for nasjonalisme. Her la ein vekt på menneskerettar og ikkje på etnisk og kulturelt opphav, slik tendensen var i Tyskland.

På den andre sida: Frankrike var på denne tida staden der dei antisemittiske tonane var tydelegast, medan Tyskland enno var relativt liberalt. For Aschkanaze var den berykta Dreyfus-saka ein høgst aktuell kontekst. Under den langvarige (og urettmessige) spionsaka mot den jødiske kaptein Alfred Dreyfus kom antisemittiske stemningar opp til overflata for alvor i det fridomselskande heimlandet til menneskerettane. Det verkar ikkje urimeleg å tolke det franske forordet til Aschkanaze som eit forsøk på direkte deltaking i den aktuelle franske debatten.

Posisjonering

Foto: Stortinget1905
Foto: Stortinget1905

Samtidig teiknar forordet og resten av boka eit bilde av avsendaren, han som skriv seg «Dr. Aschkanaze. Rabbiner». Han profilerer seg både som ein lærd religiøs ekspert, som ein høgt kvalifisert kjennar av hebraisk språk og som retorikar.

Somme drag kan tolkast slik at forfattaren vil byggje bruer til kristne teologar. I forordet talar han om «en livlig kamp med assyriologerne». Arkeologiske funn i Mesopotamia hadde avdekt Hammurabis lov og andre kjelder som var langt eldre enn dei bibelske tekstane. Den tyske assyriologen Friedrich Delitzsch heldt i 1902 det vidgjetne føredraget «Babel und Bibel», der dei bibelske forteljingane og lovene langt på veg blei reduserte til bleike kopiar av mykje eldre assyrisk-babylonsk tankegods. Den moderne kritiske bibelforskinga utfordra teologien. Mange norske teologar kunne tenkjast å underskrive setningane om Moselova som «grundlov», og diskusjonen om Mesopotamia og Bibelen var høgst aktuell i norsk teologisk debatt. Det er mogleg å lese Aschkanazes tekst som eit tidleg bidrag til religionsdialog på norsk.

«Dagens helt er for tida rabbinaren her, dr. Aschkenaze.» Slik opnar eit lesarbrev frå Noreg i det tyske jødisk-ortodokse bladet Der Israelit i mars 1902. Så følgjer ei skildring av korleis rabbinaren har markert seg i den norske offentlegheita. Grunnlovsomsetjinga har gjort han vidgjeten i høge kretsar i Noreg:

Nordmennene er svært stolte av Grunnlova si, som blei vedteken i den såkalla riksforsamlinga på Eidsvoll 17. mai 1814. Minnet om Eidsvollsmennene blir til dags dato halde høgt i ære. Den 17. mai er nasjonaldagen til nordmennene. Og no kjem rabbinaren og omset denne Grunnlova, som nordmennene held heilag og feirar, til eit hebraisk som av kompetente vitskapsmenn ved universitetet her blir nemnt som meisterleg.

Professor Seippel, som underviste i semittiske språk ved universitetet, hadde ganske riktig rosa grunnlovsomsetjinga til Aschkanaze, og lesarbrevet konkluderer med at «det gjer kvar jøde godt å sjå korleis det geistlege overhovudet deira blir heidra mellom dei kristne».

Her må vi attende til det jødiske innvandrarmiljøet. Det ligg nær å lese dette som eit innlegg i ein indre maktkamp. I den første framstillinga av norsk-jødisk historie konkluderte Harry Koritzinsky4 : «Mens splittelser i andre byer mellem jøderne har hat til aarsak at en mere konservativ (orthodox) eller mere liberal retning har bekjæmpet hverandre indenfor religionssamfundene, har grundene til de evigvarende stridigheter i Kristiania stort sett været bagateller.»

Ein av «bagatellane» har vore rabbinar Aschkanazes eigen person. I 1901 blei han stemna for ærekrenkingar av fleire leiande medlemmer i Det mosaiske Trossamfund. Eit av vitnemåla i retten karakteriserte rabbinaren som «en lidenskabelig og heftig Person med en ildesindet og intrigant Karakter trods sin gode Lærdom».5 Dette karakterdrapet må sjølvsagt lesast som eit partsinnlegg, men også frå fortida hans finst det teikn på at Aschkanaze neppe var nokon enkel person å ha med å gjere. Først når han hadde fått skipa si eiga forsamling, ser det ut til å ha blitt ro rundt denne første rabbinaren i Kristiania.

Integrering anno 1904

Aschkanazes omsetjing av Grunnlova kan lesast som eit tidleg eksempel på det Christhard Hoffmann kallar «den jødiske minoritetens egen migrasjonsfortelling»: «Den har ikke fullstendig assimilasjon som mål, men snarere anerkjennelsen av egen identitet innenfor en felles nasjonal referanseramme.» Men, som Hoffmann gjer merksam på:

Enhver integrasjonsfortelling om jødene i Norge vil imidlertid være konfrontert særlig med to utfordringer: det faktum at grunnleggerne av den moderne norske nasjonen skrev utelukkelsen av jødene inn i Grunnloven, og det faktum at relativt mange norske jøder (sammenlignet med Danmark) ble deportert og myrdet under andre verdenskrig, til sammen mer enn en tredjedel. Fra begge disse kjensgjerningene trenger spørsmålet frem om hvorvidt og i hvilken grad de norske jødene virkelig kunne betrakte seg som tilhørende den norske nasjonen.

Den første utfordringa møtte Aschkanaze med høfleg tagnad, dette er eit faktum han heilt unngår å nemne. Den andre utfordringa slapp han å ta stilling til, han døydde ein naturleg, men brå død av hjernebløding 13. mai 1908. Men kona hans og dei to døtrene blei deporterte med D/S Donau 26. november 1942 og drepne i Auschwitz fem dagar seinare.


Anders Aschim er professor i idé- og kristendomshistorie ved Høgskulen i Volda.

Ein meir omfattande versjon av artikkelen er publisert i Historisk tidsskrift 93/3 (2014): 425-443.


Litteratur

  • Aschkanaze, M. 1904. Kongeriget Norges Grundlov af 17de Mai 1814 med tillæg og ændringer til dags dato, udgivet og oversat paa hebraisk. Christiania: Didriksen.
  • Aschkanaze, M. 1905. Ist es religiös gestattet, gesetzlich zulässig und vernünftig, Zionist zu sein? I: L. Schön (red.). Stimme der Wahrheit. Jahrbuch für wissenschaftlichen Zionismus. Würzburg. S. 269-278.
  • Hoffmann, C. 2013. Nasjonalhistorie og minoritetshistorie. Jødisk historiografi i Norge. I: J. Heiret, T. S. Ryymin og S. A. Skålevåg (red.). Fortalt fortid. Norsk historieskriving etter 1970. S. 242-249.
  • Jansen, K. N. 2009. Die Rabbiner im Deutschen Reich 1871–1945. 1. Aaron-Kusznitzki. München: Saur.
  • Koritzinsky, H. M. 1922. Jødernes historie i Norge. Henrik Wergelands kamp for jødesaken. Kristiania.
  • Mendelsohn, O. 1969-1987. Jødenes historie i Norge gjennom 300 år. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Magasinet Der Israelit er tilgjengeleg elektronisk.

  1. Mendelsohn 1987: 529  

  2. Ørebladet 12.03.1902  

  3. Aschkanaze 1905 

  4. 1922: 65 

  5. Aftenposten 06.08.1901  

Share

Legg igjen en kommentar

Your email address will not be published.

*